Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Kapittel 1. Allmenne reglar
§ 1-2. Definisjonar
Emne er den minste eininga med vurdering som gir utteljing i form av studiepoeng, og som kan gå inn i eit studieprogram eller tilbydast med eige opptak. Eit emne har eit læringsutbyte som er fastsett i ein emneplan. Studiepoeng er eit mål på omfanget av emne og arbeidsbelastninga til studenten. Eit studieår på fulltid vil i omfang og læringsutbyte tilsvare 60 studiepoeng, jf. uhl. § 11-2. Studieprogram er ei samling emne med eit samla læringsutbyte som er fastsett i studieplan, som søkarar kan få opptak og studierett til. Eit studieprogram er kjenneteikna ved at det ikkje er nødvendig å søke om nytt opptak for å ta nye emne innanfor studieprogrammet. Studieplan er omtale av studieprogram med tilhøyrande emneplanar og beskriv mellom anna opptakskrav, innhald, emne og læringsutbyte i eit studieprogram, jf. uhl. § 11-1. Rammeplan er ein plan som fastset nasjonale rammer for eit studieprogram. Utdanningsplan er ein individuell avtale mellom ein student og høgskulen med plan for gjennomføring av studieprogrammet studenten er teken opp til, jf. uhl. § 11-3. Opptak viser til søknadsprosessen ein søkar går gjennom for å få studierett til eit studium. Lokalt opptak viser til opptak som ikkje høyrer til det nasjonale samordna opptaket. Søkar er ein person som har lagt inn ein søknad om opptak til Høgskulen i Volda. Student er ein person som gjennom opptak etter uhl. kapittel 8 i er teken opp til studium ved Høgskulen i Volda.
§ 1-3. Studenten si plikt til å gjere seg kjend med regelverk og informasjon frå høgskulen
Kapittel 2. Gradar og yrkesutdanningar
§ 2-1. Gradar og yrkesutdanningar
§ 2-2. Bachelorgrad
eit fullført treårig studieprogram med 180 studiepoeng som ifølgje rammeplan eller forskrift gir bachelorgrad eit fullført treårig integrert studieprogram med 180 studiepoeng (utan rammeplan) som ifølgje vedtak i styret for Høgskulen i Volda gir bachelorgrad ein fritt samansett bachelorgrad med eit omfang på 180 studiepoeng, jf. denne forskrift tredje ledd.
Graden må innehalde minimum 80 studiepoeng innan same fagområde. Av desse 80 studiepoenga må minimum 20 studiepoeng vere på fordjupingsnivå. Graden må innehalde minst éi eining på minimum 30 studiepoeng på eit anna fagområde. I grunnlaget for graden skal det inngå ei bacheloroppgåve eller eit anna sjølvstendig fordjupingsarbeid, som skildra i denne forskrift § 2-2 (2). Krav om tilknyting og gjenbruk av studiepoeng som følgjer av uhl. § 11-12 må vere oppfylte. Ein kan berre få utskrive ein fritt samansett bachelorgrad dersom ein ikkje oppfyller krava i denne forskrift § 2-2 (1) a eller b.
§ 2-3. Mastergrad
§ 2-4. Krav til graden philosophiae doctor (ph.d.)
§ 2-5. Fagleg godkjenning av tidlegare utdanning
Kapittel 3. Opptak og rangering ved opptak
§ 3-1. Generelle føresegner
§ 3-2. Språkkrav
§ 3-3. Krav om politiattest
§ 3-4. Søknadsfristar
§ 3-5. Dokumentasjon
§ 3-6. Opptaksgrunnlag for mastergradsutdanning
bachelorgrad (minimum 180 studiepoeng) cand.mag.-grad annan grad eller yrkesutdanning av minimum 3 års omfang utdanning som i samsvar med uhl. § 9-3 er godkjend som jamgod med ovannemnde gradar eller utdanningsløp.
Fordjuping i fag, emne eller emnegruppe av eit omfang på minimum 80 studiepoeng innanfor eit fagområde som er relevant for mastergraden. Dette skal gå fram av studieplanen. Integrert yrkesretta utdanning av eit omfang på minimum 120 studiepoeng innanfor eit fagområde som er relevant for mastergraden. Dette skal gå fram av studieplanen.
§ 3-7. Opptaksgrunnlag for erfaringsbasert master
Minst 2 års relevant yrkespraksis, dokumentert med attest frå arbeidsgivar. Kva som blir rekna som relevant yrkespraksis, skal gå fram av studieplanen. Eventuelle særskilde opptakskrav skal gå fram av studieplanen.
§ 3-8. Opptaksgrunnlag for vidareutdanning
§ 3-9. Opptaksgrunnlag for praktisk-pedagogisk utdanning
§ 3-10. Opptaksprøver
§ 3-11. Realkompetanse
§ 3-12. Poengutrekning og rangering
§ 3-13. Tidleg opptak
På søknadstidspunktet oppfyller søkaren opptakskrava og ville med god margin ha kome inn ved føregåande opptak; og På søknadstidspunktet har søkaren eit dokumentert behov for tidlegare svar på søknaden om studieplass.
§ 3-14. Opptak på vilkår
§ 3-15. Reservert studieplass
Kapittel 4. Studierett
§ 4-1. Studierett
§ 4-2. Semesterregistrering
registrere seg i Studentweb godkjenne utdanningsplanen for studieprogrammet melde seg opp til undervisning og vurdering betale semesteravgifta eller andre avgifter i samsvar med uhl. stadfeste at ein er gjort kjend med høgskulen sitt regelverk.
§ 4-3. Lengd på studieretten
§ 4-4. Tap av studierett
Kapittel 5. Permisjon
§ 5-1. Permisjon
§ 5-2. Under permisjonen
Kapittel 6. Tilrettelegging
§ 6-1. Tilrettelegging under studieløpet
§ 6-2. Tilrettelegging under eksamen
Kapittel 7. Gjennomføring av studiet
§ 7-1. Studiekalender og fristar
start- og avslutningsdato for haust- og vårsemesteret undervisnings- og eksamensperiodar.
semesterregistrering og godkjenning av utdanningsplan betaling av semesteravgift til studentsamskipnaden og ev. andre avgifter å søke om utveksling eller utanlandsopphald andre høve som gjeld gjennomføring av studiet.
§ 7-2. Studentavgifter og semesterkvittering
semesteravgift til Studentsamskipnaden i Volda, jf. lov om studentsamskipnader § 10 frivillig støtte til Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) avgifter til læremiddel og andre materialkostnader knytte til undervisninga, jf. forskrift til universitets- og høyskoleloven § 4-7 studieavgift, dersom det er vedteke at dette skal gjelde for studieprogrammet, jf. forskrift til universitets- og høyskoleloven § 4-6 studieavgift for statsborgarar frå land utanfor EØS og Sveits, jf. uhl. § 2-6.
§ 7-3. Utdanningsplan
§ 7-4. Utdanningsrettleiing og utdanningssamtale
§ 7-5. Undervisningsopptak
§ 7-6. Obligatorisk aktivitet – frammøte og deltaking
§ 7-7. Obligatorisk aktivitet – arbeidskrav
§ 7-8. Utveksling til utlandet
§ 7-9. Overgang mellom studieprogram
studenten har fått studierett gjennom ordinært opptak, har møtt til studiestart og har registrert seg på det studieprogrammet vedkomande blei oppteken til, og studieprogrammet studenten søker overgang til, ikkje er lukka ved poengrangering, og studenten oppfyller opptakskravet til studieprogrammet.
§ 7-10. Skikkavurdering
Kapittel 8. Praksis
§ 8-1. Vilkår for å gå ut i praksis
§ 8-2. Praksis i rammeplanstyrte og forskriftsstyrte utdanningar
§ 8-3. Teieplikt
§ 8-4. Ikkje bestått praksis
§ 8-5. Utsett praksis
§ 8-6. Antal praksisforsøk
Kapittel 9. Eksamen og andre vurderingsformer
§ 9-1. Allment om eksamen og andre vurderingsformer
§ 9-2. Vilkår for å ta eksamen
§ 9-3. Oppmelding til eksamen
§ 9-4. Trekkje seg frå eksamen
§ 9-5. Eksamensforsøk
har bestått eksamen trekkjer seg etter at fristen er gått ut, eller under eksamen, jf. denne forskrift § 9-4 ikkje møter til eksamen ikkje leverer eksamen innan fristen ikkje leverer bachelor- eller masteroppgåve innan ordinær frist eller utsett frist får karakteren F eller ikkje bestått får eksamen annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk.
§ 9-6. Kontinuasjonseksamen («konteeksamen») – ny eksamen
har gyldig fråvær, eller har resultat F eller ikkje bestått, eller trekkjer seg under ordinær eksamen.
§ 9-7. Eksamensforsøk for master- og bacheloroppgåver
§ 9-8. Tid og stad for eksamen
§ 9-9. Hjelpemiddel og kjeldebruk
§ 9-10. Eksamensspråk
§ 9-11. Privatisteksamen
§ 9-12. Digital eksamen
Kapittel 10. Sensur og klage på sensur
§ 10-1. Grunnlag for sensur
§ 10-2. Vurderingsuttrykk
§ 10-3. Sensur
§ 10-4. Sensurfrist
§ 10-5. Fusk på eksamen og med obligatoriske aktivitetar
Studenten har ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg under eksamen. Studenten bruker lovlege hjelpemiddel på ein uriktig måte. Studenten presenterer andre sitt arbeid som sitt eige utan tilstrekkeleg kjeldetilvising eller markering av sitat. Studenten leverer eit arbeid av praktisk eller kunstnarisk art som er laga av andre enn dei sjølve. Studenten leverer eit eksamensarbeid eller ei eksamensoppgåve som er utarbeidd av andre personar eller funksjonar som sitt eige arbeid. Studenten har fiktive kjelder, informantar eller data (fabrikkering eller forfalsking av data). Studenten bruker sitt eige arbeid som tidlegare har gitt utteljing (bestått eksamen eller godkjent arbeidskrav), utan tilstrekkeleg kjeldetilvising til sitt eige arbeid. Gjenbruk av eigne tidlegare arbeid som har gitt utteljing, kan tillatast dersom dette følgjer av emneplanen eller eksamensoppgåva. Studenten har skaffa seg tilgang til eksamensoppgåva før eksamenen startar. Studenten skaffar seg tilgang til eksamen ved å fuske med ein obligatorisk aktivitet eller ved å få godkjenning for deltaking i ein obligatorisk aktivitet på uriktig grunnlag. Studentane utformar eit eksamensarbeid eller ei eksamensoppgåve til individuell eksamen i fellesskap eller deltar på ein annan måte i eit ulovleg samarbeid under eksamen.
Kapittel 11. Klagehandsaming
§ 11-1. Nemnd for studentsaker
§ 11-2. Klagehandsaming
Kapittel 12. Vitnemål og karakterutskrift
§ 12-1. Vitnemål
dersom studenten manglar norsk fødselsnummer eller D-nummer dersom studenten har fått digitalt vitnemål, men har behov for å vise fram eit vitnemål på papir til ein utdanningsinstitusjon eller arbeidsgivar i utlandet.
§ 12-2. Karakterutskrift
Kapittel 13. Diverse
§ 13-1. Utfyllande retningslinjer
§ 13-2. Iverksetjing og oppheving
Tekst: Lovdata (offentleg eigedom, jf. åndsverkloven § 14), gjengitt uendret per siste tilgjengelige versjon. Rettsregels lovkommentarer er tydelig merket og er våre egne.