Forskrift om fysisk sikkerheit i krisesentertilbodet
§ 2. Kommunen som ansvarleg
§ 3. Krav til fysisk sikring av lokala og uteområda i krisesentertilbodet
Porttelefon og overvakingskamera ved dør Sikre dører med sikkerheitslås Sikra vindauge som berre kan opnast og låsast innanfrå Innbrotsalarm Skjerma innsyn til krisesenteret frå gateplan og nærområde.
Utvida inngangsparti eller sluse ved inngang til krisesenteret Oversiktleg og skjerma åtkomst med lys og rørslesensorar tilpassa bygningstype og lokalisering Oversiktleg, opplyst og skjerma uteområde. Uteområde tilrettelagt for brukarar bør vere utforma slik at uynskt inntrenging ikkje er mogleg Hærverkshemmande eller innbrotssikre sikkerheitsglas.
§ 4. Individuelle sikkerheitstiltak
Tilsette skal kartleggje brukaren sitt trusselbilete. Dette gjeld både brukarar som er vaksne og barn. Tilsette må, saman med brukaren, vurdere kva sikkerheitstiltak som er naudsynte ved opphald på krisesenteret, og gjere brukar medviten om desse. Dersom tilsette, saman med brukar, finn at det er behov for særskilde sikkerheitstiltak, skal politiet kontaktast. I dei høve kor politiet, saman med krisesenteret, finn at den fysiske sikringa ved krisesenteret ikkje godt nok beskyttar brukaren, påleggjast kommunen i samarbeid med lokalt politi å flytte brukar til eit anna sikkert krisesentertilbod. Krisesenteret må gjere ei vurdering av kva anna krisesentertilbod som kan vere aktuelt å flytte brukar til, basert på brukaren sitt sikkerheitsbehov. Kommunen skal jamleg sørge risikovurderingar av dei tilsette sitt behov for fysisk sikring.
§ 5. Ikrafttredelse
Kommentarer til de enkelte bestemmelsene
Tekst: Lovdata (offentleg eigedom, jf. åndsverkloven § 14), gjengitt uendret per siste tilgjengelige versjon. Rettsregels lovkommentarer er tydelig merket og er våre egne.