Lov om omdanning av Noregs Kommunalbank til aksjeselskap

LOV-1999-07-16-68 · Kommunal- og distriktsdepartementet · I kraft 1999-11-01 · Sist endret i kraft 2004-03-01

Lov om omdanning av Noregs Kommunalbank til aksjeselskap

§ 1. Føremål

Føremålet med denne lova er å regulere forholdet til aksjelovgivinga og visse overgangsspørsmål i samband med omdanning av forvaltningsbedrifta Noregs Kommunalbank til aksjeselskap.

§ 2. Forholdet til aksjelovgivinga

Når denne lova trer i kraft, blir Noregs Kommunalbank omdanna til aksjeselskap.

§ 4. Overføring av offentlege rettar m.v.

Ved omdanning av Noregs Kommunalbank til aksjeselskap blir eigedelar, rettar, under det offentlege løyve osv., og skyldnader overførte til aksjeselskapet.
Omregistrering i grunnbok og andre offentlege register i samband med omdanninga skjer ved namneendring.

§ 5. Overføring av skyldnader

Overføring til aksjeselskapet av skyldnader knytt til forvaltningsbedrifta Noregs Kommunalbank har frigjerande verknad for staten.
Kravshavarar og andre rettshavarar kan ikkje setje seg imot overføringa eller gjere gjeldande at den er ein bortfallsgrunn for rettsforholdet.

§ 6. Førerett til anna statsstilling og venteløn

Lov 4. mars 1983 nr. 3 om statens tenestemenn m.m.1 § 13 nr. 2 til 6 om førerett til anna statsstilling og venteløn skal framleis gjelde for tidlegare arbeidstakarar i forvaltningsbedrifta Noregs Kommunalbank som blir sagde opp av grunn som nemnd i tenestemannslova § 13 nr. 1 bokstavene a, b og c, og som var omfatta av desse reglane før omdanninga. Føreretten til anna statsstilling og retten til venteløn etter førre punktum opphøyrer 3 år etter at lova her tek til å gjelde. Føresegna her gjer inga innskrenking i arbeidstakars rettar etter lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidarvern og arbeidsmiljø m.v.2 §§ 60 nr. 2 og 67.

§ 7. Overgangsreglar

Kongen kan gi overgangsreglar.

§ 9. Endring av andre lover

Frå den tid lova tek til å gjelde, skal desse føresegnene i andre lover endrast slik: – – –
Tekst: Lovdata (offentleg eigedom, jf. åndsverkloven § 14), gjengitt uendret per siste tilgjengelige versjon. Rettsregels lovkommentarer er tydelig merket og er våre egne.