Forskrift om transporttilskott i skogbruket.
§ 2. Område med rett til tilskott
§ 3.
Direkte tilskott i kr. pr. m3. Direkte tilskott kan gjevast til skogsvirke og flis hogd av skogsvirke. Det kan og gjevast tilskott til transport av sekundærvirke frå sagbruksindustrien. Fylkesmannen fastset tilskottssatsane for dei enkelte sortiment innafor ramma av tildelt beløp. Tilskott ut over 20 % av gjeldande virkespris for vedkommande sortiment, krev førehandsgodkjenning av Landbruksdepartementet. Vanlegvis skal det ikkje gjevast tilskott til tømmertransport frå område som ligg innafor kjøparbedriftas naturlege forsyningsområde. Investeringstilskott til anlegg som fører til meir rasjonell og rimeleg langtransport. Fylkesmannen kan med godkjenning frå departementet gje tilskott til fellestiltak som sikrar avsetnad, fremjar rasjonell levering og fører til rimelegare langtransport.
§ 4. Søknad om tilskott
Søknad om direkte tilskott i kr. pr. m3. Så tidleg som råd etter at driftssesongen har starta, og seinast innan 1. september, sender søkjaren melding til fylkesmannen, om kva for område som kan sjåast på som vanskelegstilte ut frå ei transportøkonomisk vurdering. Oppgåva skal og innehalde venteleg kvantum og kva for transportkostnader som kan påreknast frå desse områda. Fylkesmannen sender førehandssøknadane med tilrådde forslag til Landbruksdepartementet innan 1. oktober. Desse oppgåvene er grunnlaget for rammetildelinga til fylket det enkelte år. Søknad om transporttilskott skal skrivast på skjema M-375 og sendast til fylkesmannen i det fylket virket er transportert frå. Søknadsfrist er 15. oktober. Kvantumet i søknaden skal referere seg til føregåande driftssesong. Søknad om investeringstilskott. Søknad skal skrivast på skjema M-376 og sendast til fylkesmannen i det fylket anlegget er planlagt bygd. Fylkesmannen skal vurdere søknadane, gje tilråding og sende dei til departementet til avgjersle.
§ 5. Utbetaling
§ 6. Tilbakebetaling
§ 7. Dispensasjon
§ 8. Klage
§ 9. Ikraftsetting
Tekst: Lovdata (offentleg eigedom, jf. åndsverkloven § 14), gjengitt uendret per siste tilgjengelige versjon. Rettsregels lovkommentarer er tydelig merket og er våre egne.