Forskrift om endring av rettskriving og læreboknormal
Dei endringane i rettskriving og læreboknormal for bokmål som det vart gjort framlegg om i tilknytning til St.meld. nr. 100 (1980-81), og dei rettskrivingsendringane for bokmål og nynorsk som Norsk språkråd gjorde vedtak om 29. – 30. januar 1982, blir fastsette som gjeldande for ordlister, norsklærer og andre godkjenningspliktige lærebøker frå 1. juli 1982. Læreboknormalen for bokmål og nynorsk skal leggjast til grunn for språkbruken i statstenesta seinast frå 1. juli 1982. I statstenesta er det høve til å leggje til grunn den nye læreboknormalen for bokmål straks.
Tekst: Lovdata (offentleg eigedom, jf. åndsverkloven § 14), gjengitt uendret per siste tilgjengelige versjon. Rettsregels lovkommentarer er tydelig merket og er våre egne.